Reksta får ambulanse til pasientransport

– Vi vil sjå på om det er andre øyer som har behov.

FIRDAPOSTEN 14. JUNI 2022

Ambulansebåten «Roselyn» er sett i drift og har fått fast base i Florø, etter at Gulen Skyss fekk oppdraget. Bygdelaget på Reksta har no vore i kontakt med Helse Førde, med spørsmål om korleis ein løyser det med transport av pasientar fram til kai i Rognaldsvåg.

Dei har fått svar, og Helse Førde stadfestar at det vert stasjonert ein ambulanse permanent på Reksta.

Etter omlegginga av ambulansedrifta i Bremanger, har Helse Førde også utplassert bilar i Leirgulen og i Kalvåg. Dei ventar no på at den nye ambulansebåten, lik båten ein nyleg har sett i drift i Solund, skal ferdigstillast.

Ikkje bilførande båt

– Detaljane kring løysinga på Reksta er ikkje avklart, men det kjem på plass etter sommarferien. Det vert same type køyretøy som vi har stasjonert i Bremanger. Ein ambulanse vert i første omgang utplassert på Reksta, så vil sjå på om det er andre øyer som og har behov. Å utplassere ein ambulanse er eit enkelt tiltak, men det krev tilsyn og vedlikehald, fortel ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde til Firdaposten.

Tidlegare var det Florø Skyssbåt med «Sea Service» som hadde kontrakten. Det var ein samfunnsbåt som også gjekk i rutetrafikk for fylkeskommunen, og tok oppdrag som losbåt, fram til «Kvanhovden» vart bygd.

– Florø Skyssbåt tilbaud den gang å stille med den bilførande båten «Øyservice» på enkelte ambulanseoppdrag, slik at ein kunne ta med seg ambulansen om bord, sjølv om dette ikkje inngjekk i kontrakten. No må vi løyse det på ein annan måte, og difor vel vi å plassere ein beredskapsbil på Reksta, seier Sægrov.

Samarbeider med kommunen

Ambulansetenesta i Helse Førde gjennomfører no ein rotasjon av nokre av bilane, i samband med etableringa av fleire utstasjonerte beredskapsbilar, med høve til båretransport.

– Vi er mellom anna avhengig av å få levert og sett i drift dei nye ambulansebilane som er i bestilling. No vil vi avklare med Kinn kommune om plasseringa, og tilgang til straum, fortel Sægrov.

Han fortel at ein oftare nyttar seg av luftambulanse på oppdrag i øyane og i distriktet. Ved akuttoppdrag i Måløy-området, ser ein no at luftambulanse vert brukt på over halvparten av oppdraga.

– I samband med innfasing av det nye ambulansebåten, vil det bli skipa til open dag på fartøyet på fleire av øyane og ute på Bremangerlandet. Vi vil vise fram nybåten og korleis vi kjem til å drive den. Planen er å sette den i drift i byrjinga av august, seier han.

Reksta får ambulanse - Firdaposten 14.6.22
© Kopirett Bygdelaget Havglimt