Reksta ligg idyllisk og vêrhardt til vest for byen Florø. Øya har ein vill og spennende natur med grønnkledde fjell, lyngheier og storhavet utanfor stoveglasa. Butikken og kaiområdet i Rognaldsvåg er ein naturleg samlingstad for fastbuende så vel som turistar. Bygdelaget Havglimt står for ulike fritidsaktivitetar på øya, og har Rognaldsvåg skule som sitt grendehus.

Båtsamband // gjestehamn

Rutebåt til øya heile året. Rutetabell (292) finn du på SKYSS. Hugs at du skal av i Rognaldsvåg. Ting plass til bilen: BILBOOKING NORLED. Les om gjestehamn HER

Overnatting // butikk

Øya har fleire tilbod for overnatting. Mat og drikke får du kjøpt på Nærbutikken der Hans-Jacob helsar deg velkommen.

Friluftsliv for alle

Naturen rundt oss innbyr til utallige turopplevingar som t.d. Trollhola, Harefjellet, Likvikja, Sunnivaleia, fisketur, flotte fjærer…

Aktivitetar

Reksta er ei levande øy, og eit ypperleg utgangspunkt for friluftsaktivtetar. Her kan alle komme seg ut og kjenne på den friske sjølufta. Øya har fleire merka turløyper og utmerka fiskemoglegheiter. Kva med ein tur i fjæra for å leite etter krabbe eller dykking i skjergarden?

Besøk oss

Reksta ligger ein kort båttur utanfor Florø. Rutebåten har fleire avganger dagleg og tar ca. 35 minutt, litt avhengig av tal stopp på veg utover. Om du bestiller plass på førehand kan du ta med både bil og campingvogn. På den gamle skuleplassen er det tilrettelagt for bubilparkering. Ved butikken i Rognaldsvåg er det gjestebrygge og servicebygg for båtturistar.

  • Reis til Reksta - havglimt.no

Overnatting

For deg som vil overnatte på øya finst det fleire alternativ.