PROTOKOLL ekstraordinært årsmøte 3.12.2022

Ekstraordinært årsmøte i Bygdelaget Havglimt (BLH) 3. desember 2022 kl. 15.30
Rognaldsvåg skule. 23 medlemmar frammøte, 3 personar via Teams.

PROTOKOLL
SAK 1: Opning ved leiar i Bygdelaget Havglimt, Oddgeir Nygård
Sakliste og innkalling vart godkjent.

SAK 2: Val av møteleiar: Oddgeir Nygård vart vald.
Val av referent: Anita Øygard vart vald.
Val av to til å skrive under protokollen: Arild Rognsøy og Frank Langø vart valde.

SAK 3: Oppgradering av leikeplassen på skulen
Bakgrunn: I følge årsmøtet 2021 skulle arbeidsgruppa, samansett av Tone Marit Rognsøy, Håkon Bendiksen, Tore Anders Eraker og Kim Gunnar Jensen planlegge oppgradering av leikeplassen. Leikeplassprosjektet fekk inntil kr 25 000 for å dekke nødvendige utgifter med å utarbeide ein plan, som skulle leggast fram for ekstraordinært årsmøte innan 1.12.22. Det skulle leggast vekt på sikkerheit og kvalitet.

Arbeidsgruppa har ikkje brukt noko av pengane som var innvilga, men gjort alt plan-/forabeidet sjølve på dugnad. Det vart framheva at Kim Gunnar hadde lagt ned ein spesielt stor innsats i planarbeidet.

Prosjektet «Samlingspunkt for barn og unge» vart lagt fram for møtet av Tone Marit Rognsøy, Kim Gunnar Jensen og Håkon Bendiksen (sistenemnde via Teams).
Viser her til vedlagt PDF av presentasjon, som kan oppsummerast i desse punkta:

  • Utgangspunkt i kvalitet i alle ledd
  • Samlingspunkt for barn og unge
  • Heilårsbruk
  • Omsyn til andre aktivitetar
  • Synleg frå hovudvegen
  • Lite vedlikehald
  • Bygge på etablerte tiltak / gjenbruk
  • Plassering i forhold til andre bruksområde
  • Kort avstand / sentral plassering => attraktivt
  • Fortetta leikeplass / ballbinge => fellesskap
  • Områdebelysning, starte med 3 punkt
  • Drenering / grus
  • Unngå konflikt med andre føremål på skuleplassen:
    arrangement / bubilparkering / node / depot brann / beredskap helse / samlingspunkt kriseberedskap / vassforsyning
  • Kostnadsoverslag totalt ca. kr 500 000
  • Finansieringsplan
    Eigenkapital kr 200 000, som kan omfatte dugnad.
    Offentleg og privat støtte kr 300 000
  • Drøfting
    Skal ein jobbe vidare med prosjektet
    Skal ein jobbe vidare med områdeplan
    Skal ein jobbe vidare med økonomiplan
  • Arbeidsgruppa ønskjer å jobbe vidare med prosjektet
  • Gapahuken som ikkje er med i kostnadsoverslag og finansiering bør vere med i det vidare prosjektet

Leiar i BLH Oddgeir Nygård presenterte styret si innstilling til saka:

  1. Saka var ikkje presentert på nettet før møtet fordi arbeidsgruppa sin presentasjon til styret var mest munnleg.
  2. Brannvesenet har uttrykt ønskje om å flytte sin garasje og lager til skuleplassen.
  3. Teltplassering ved skulen er ikkje i konflikt med ønskjer om å ha framtidige arrangement ved kai / butikk.
  4. Gapahuk kan også brukast som scene og grillplass/bålpanne
  5. Miljøperspektiv viktig i planen, både sosialt og i høve til materialbruk.
  6. Festivalplass opnar for nye moglegheiter.
  7. Ein må søke midlar som t.d. tippemidlar og Kinn kommune.
  8. BLH har kr 450 000 på konto
  9. Kinn kommune som er grunneigar må informerast før ein startar arbeidet.

Vidare arbeid:
Styret innstiller på at det blir oppretta ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med «samlingspunkt for barn og unge». Denne gruppa skal settast saman av medlemmer frå arbeidsgruppe, representant  frå Grendautvalet og representant(ar) frå Bygdelag Havglimt.

Vedtak i styret:
Styret anbefaler ekstraordinært årsmøte å bevilge kr 200 000 i eigenkapital til prosjektet «samlingspunkt for barn og unge». Prosjektet skal vere fullfinansiert før oppstart. Styret får fullmakt til å iverksette arbeidet når finansieringsplan er klar.

Leiar opna for innspel og debatt om saka:
Alle som hadde ordet var positive til prosjektet, men det var uttalt stor skepsis til å bevilge så mykje pengar til eit så ferskt prosjekt, som ein ikkje veit omfanget av. Samtidig vart det argumentert for at BLH må vise at ein står saman og vil bruke pengar på prosjektet. Det vil ha positiv effekt på ein søknad.

Det kom opp moment som at ein må først avklare bruken av uteområde i forhold til grunneigar / Kinn kommune. BLH har avtale om bygget ikkje uteområde. Ein må og forsikre seg om at reglar for «offentlig anskaffelse» ikkje gjeld for dette området som er eigd av kommunen.

Før neste årsmøte blir styret oppfordra til å avklare om ein kan få tinglyst eksisterande avtale med kommunen. Ein bør også ta opp med Enivest om det kan vere hensiktsmessig å flytte sentral opp ei etasje til maskinrom, for å unngå sperring av naudutgang. I samband med leikeplassprosjektet bør ein avklare moglegheita for mva. refusjon.

Arbeidsgruppa la vekt på at det viktig å sikre seg eit vedtak om kr 200 000 no, slik at dei kan starte arbeidet – og få «snøballen til å rulle». Arbeidsgruppa har sterkt fokus på å spare pengar, det har dei vist ved å ikkje nytta midlane på kr 25 000 som var innvilga til arbeidet på sist årsmøte.

Det kom forslag om å øyremerke midlane til prosjektet i staden for å innvilge pengar til prosjektet – og det vart gjort følgjande samrøystes vedtak:

VEDTAK – Oppgradering av leikeplass:

1. Årsmøtet øyremerker kr 200 000 til prosjektet «Samlingspunkt for barn og unge», slik at arbeidsgruppa kjem i gong med søknadsprosessen, samtidig som dei får på plass nødvendige avklaring med grunneigar.

2. Arbeidsgruppa blir supplert med ein representant frå styret i BLH og ein representant frå Grendautvalet.

3. Gapahuken skal innlemmast i prosjektet «Samlingspunkt for barn og unge».

SAK 4: Innkjøp av robotklippar
Å kjøpe inn robotplenklippar er årsmøtesak pga. at kostnadane overstig det styret har fullmakt til å bruke. Området rundt skulen har sterkt behov for klipp og stell gjennom sommarhalvåret.

Vedtak i styret:
Styret innstiller ekstraordinært årsmøte å kjøpe robotklipper. Pris kr 24 000 inkl. mva. og montering.

I diskusjonen kom det fram at mange hadde dårlege erfaringar med robotklipparar i ulendt terreng. Steinar Bendiksen og Olav Didriksen tok på seg å reparere traktorklipparen som BLH og gravplassen eig i lag. Det kom fram at ein kunne inngå avtale med personen som held ved like gravplassen om også å ta seg av skuleplassen  – og det vart gjort følgjande samrøystes vedtak:

VEDTAK – Innkjøp robotgrasklippar
Saka om innkjøp av robotklippar vert utsett til ordinært årsmøte våren 2023. Steinar B. og Olav D. sjekkar om dei får traktorklipparen opp å gå. Årsmøtet ber styret om å avklare om kommunen vil vere med å betale lønn for å halde ved like uteområdet ved skulen.

Reksta 3. desember 2023

Anita Øygard                                            Frank Langø                                            Arild Rognsøy

© Kopirett Bygdelaget Havglimt