INNKALLING TIL

Årsmøte i Bygdelaget Havglimt 29. mars 2023

Styret i Bygdelaget Havglimt kallar med dette inn til ordinært årsmøte.

TID: Onsdag 29. mars kl. 18.00

STAD: Rognaldsvåg skule

Endeleg saksliste vil bli publisert 14 dagar før årsmøtet, i tråd med vedtektene.

NO FINN DU ENDELEG SAKLISTA VED Å KLIKKE HER

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Val av møteleiar, referent og to til å skrive under protokollen
  3. Årsmelding 2022
  4. Rekneskap for 2022
  5. Styret sitt arbeidsprogram / planar for vidare arbeid
  6. Medlemskontigent
  7. Endring av vedtekter, forslag frå styret
  8. Val av formann
  9. Val av styre- og varamedlemmer
  10. Val av revisorar
  11. Val av valkomité

Innkomne saker må meldast til styret 14 dagar før årsmøte: KONTAKT styret.

Det er mogleg å delta på møtet digitalt via Teams. Link blir publisert på Facebook. For avstemmingar / val som blir gjennomført skrifteleg, vil det ikkje bli høve til å avgje stemme om ein deltek digitalt. Det er heller ikkje høve til å ha med fullmakter. Ein må vere medlem for å delta på møtet.

innkalling årsmøte 2023