Idédugnad 17. februar
Rek i land på Reksta 4.-6. august 2023
Rek i land på Reksta 4.-6. august 2023
Då er det bestemt! Det blir REK I LAND på Reksta 4. – 6. august i år.
Det endelege programmet er ikke på plass, men det blir mest truleg quiz og trubadurar i teltet på fredagskvelden.
Laurdag blir ein kjekk familiedag med aktivitetar som passar for alle; akvarium, fjelltur, dyr, bygg din eigen leikebåt, marknad, sjøaktivitetar, skattejakt m.m.
Laurdagskvelden kan dei vaksne svinge seg i teltet til fengande GLIMMER-musikk.
Fredag 17. februar inviterer styret i Bygdelaget Havglimt til idédugnad og planlegging av årets Rek i land.
Det blir presentasjon av planane så langt og vi håpar folk kjem med gode innspel!