Platning på moloen på plass

I helga 14. – 15. juni var det dugnad på moloen i Rognaldsvåg. Ein stor gjeng  var i aktivitet då Bygdelaget Havglimt bygde ein stor platning på Storhaughamn molo. Platningen har fått rekkverk mot hamna, og bord med benker er kome på plass.

Samtidig fekk stupebrettet nytt dekke og det er kome opp skilt og redningsbøye.

Det blir opning av plassen på Jonsokaftan 23. juni kl. 17.00 – med bål og grilling.

Velkommen til den nye uteplassen på moloen i Rognaldsvåg!

© Kopirett Bygdelaget Havglimt