Onsdag 1. juni arrangerer Flora Turlag den etterkvart tradisjonsrike turen «Reksta på langs», frå Selvåg til Rognaldsvåg. Turen startar med rutebåten fra Florø kl. 16.00 til Selvåg. Herifrå kan ein velje å gå over Storefjellet (173 moh.) eller via Trollhola, og så vidare vestover Vasslifjellet (165 moh.) og til slutt Harefjellet (218 moh.). Det fine med denne turen er at ein kan velje å gå alle fjella eller berre eit eller to – eller ingen. Sunnivaleia på sørsida av Reksta er eit godt alternativ.
Meld deg på turen: Kontakt Signe Nordvik, tlf. 415 30 520
Harefjellet 218 moh. 15 trimpoeng Reksta på langs er godt merka Utsikt mot nord Stordoggane Fjellsenden Vasslifjellet
Del gjerne dette innlegget: